torsdag 7. januar 2010

Eg er tankefull. Eg veit ikkje kva eg skal seie eller gjera. Hovudet mitt er fullt av så mykje rot. Eg tenker på kor redd eg er, kor glad eg er, kor fantastisk eg har det, kor heldig eg e. Men det er likeeins ein ting som manglar.

Eg tenker så altfor mykje på kor utruleg glad eg er i deg.

Eg brukar så mykje krefter på å unngå å tenka på deg, å unngå å ringa deg, å unngå å senda melding t deg. Du har ein tendens til å snika deg inn overalt.

Eg tenker så ofte på kor unik og fantastisk du er.

Samstundes er eg redd. Eg er redd for alt. Eg er redd for å verta såra, redd for å blottleggja meg. Redd for å vera den eg e. Redd for å ikkje vera god nok. Men mest av alt trur eg at eg er redd for at draumane mine ikkje kjem til å vera eins med røynda. Redd for at draumene mine og min vilje ikkje er eins med Gud sin vilje.

Eg veit at eg har gått feil veg med livet mitt til tider. Eg veit at eg har gjort mykje som det ikkje står respekt av. Eg har gått på trynet så utruleg mange gonger. Ein skal læra av sine feil heiter det på fint. Eg har lært. Eg veit eg har lært. Ting som eg har gjort kjem aldri til å bli gjort igjen. Eg er så utruleg irritert på grunn av ting eg har gjort. Samstundes er det ein god trøyst å tenka på at Gud i sitt Ord har sagt at ein ikkje skal tenka på det som er gjort og eingong var – det har nemleg kome noko nytt. Me kan alle finna frelse og nåde gjennom Jesus. Eg er så utruleg takknemlig. Det som ein gong var og som eingong blei gjort har likevel satt sine spor på mitt liv.

Eg veit at eg så ofte før har sagt at eg aldri meir skal gjera ditt og datt, og likeeins gjort det kort tid etterpå. Men det var før eg slapp Gud skikkeleg inn i hjarta mitt. Eg sa eingong ja til Gud, men det ja som eg gav var eit ”ja,men…” Når mitt ”men” var fjerna, blei forandringa større enn eg kunne trudd. Eg er ikkje lenger freista til å gjera ”galne” ting. No er eg meir freista til å leva eit liv som er fullt av Guds kjærleik og nåde. Målet mitt er å få fleire med på himmelvegen. Eg ynskjer at livet mitt skal stråle av Gud, for Gud er mitt liv.

Det er så mykje som skulle vore gjort annleis, så mykje som skulle vore ugjort og usagt.

Eg skulle så gjerna ynskja at eg ikkje var redd.

Eg skulle så gjerna ynskja at du kunne sjå forbi alle mine feil. Skulle ynskja at du kunne sjå den eg verkeleg er.

Eg skulle ynskja at du hadde sett kor uendeleg glad eg er i deg.

Gud ser oss faktisk akkurat som me er, og han er uendeleg glad i oss trass i våre feil og mangler.

1 kommentar:

henriette sa...

gla i deg eu;)
du e bare så imponerane! blir heilt fasinert her eg sidde=)
du e sååååååå go! mange fler sko hatt din ivar å tørsten din itte mer av Gud, Gud å Gud!!