Eg har eitt mål for det nye året. Eg vil vera ein menneskefiskar. Eg har eit ynskje om å sjå fleire velga Jesus. Eg har lyst at mitt liv skal kunne brukast slik at fleire kan finne vegen som fører til frelse og evig liv. Misjonsbefalinga er Gud sitt oppdrag – eg vil gjera så godt eg kan å gjennomføra det.
Det er mitt ynskje. Men eg tar meg sjølv så altfor ofte i å tenke at eg kan vel ikkje noko, eg er ikkje god nok, flott nok, korleis skal Gud kunne bruka litle meg til noko? Eg har vel ikkje noko særleg å bety for andre sine liv. Korleis skal vel eg kunne gjera ein forskjell?
Det er ikkje Gud som har avgrensingar det er eg som har dei. Eg legg band på meg sjølv. Gud kan gjera så mykje meir enn det me bed om og forstår står det i Efeserene (3:20 – trur det var her) Gud kan gjera så mykje meir med mitt liv enn det eg sjølv kan forstå. Eg tenker at det kan vel kje være mogleg, men alt er mogleg for Gud.
Eg trur Gud kan bruka meg til så mykje meir enn det eg klarar å skjøna. Eg trur at eit liv fullt med Gud er det rikaste livet ein kan ha.
Har ein Gud og har Gud deg, trur eg at ein har alt ein nokon sinne kjem til å trenge. For Gud er… ja Gud er Gud. Eg trur ikkje eg kjem til å forstå alt som har med Gud å gjera. Men eg har gjeve han mitt liv. Det er det beste eg har å gi. Gud har løyve til å bruka meg akkurat der han vil, og til akkurat det han vil. Eg har likevel fri vilje og kan nekta, men det vil ikkje gjera ting betre.
Her for nokre dagar sidan fekk eg ei oppgåve. Eg pysa ut. Eg gjennomførte ikkje. Eg dreit meg rett å slett ut. Angrar eg? Ja kan sei det slik. Eg ba om ein ny sjans men sjansen for denne gongen hadde vore og gått igjen. Eg har lært at det er ikkje verdt å sei: ”nei ikkje no, kanskje seinare” når Gud har ein oppgåve klar for meg. Når Gud seier GÅ – då skal eg vera lydig mot min Far og gjera som Han vil, for han har omsorg for meg og veit betre enn eg kvar eg skal vera og kva eg skal gjera.
Eg må berre hugsa at Gud har skapt meg – eg er faktisk god nok, og kan faktisk brukast til noko. Eg er berre meg – men likevel er eg så mykje meir.
”DET VAR VEL IKKE MEG DU MENTE, HERRE”
Det var vel ikke meg du mente, Herre,
den gang du stod på fjellet og sa GÅ?
Gå ut med ordet mitt til hele verden.
Det var vel ikke meg du tenkte på?
Du vet jo om alt jeg har å gjøre.
Du kjenner hvor opptatt jeg er.
Dessuten har jeg sikkert ikke evner
For slike store oppdrag som det er!
Du vet jo at jeg har min begrensning,
Du vet hvor lett det er å gi opp.
Dessuten tror jeg ikke at jeg passer –
Jeg har jo alltid vært en rotekopp.
Men om det nå var meg du mente, Herre,
Så ber jeg deg om mot til å si Ja!
Jeg vet at du vil gi meg det jeg trenger.
Hvis bare jeg tør gjøre som du sa.
Det var vel ikke meg du mente, Herre,
den gang du stod på fjellet og sa GÅ?
Gå ut med ordet mitt til hele verden.
Det var vel ikke meg du tenkte på?
Du vet jo om alt jeg har å gjøre.
Du kjenner hvor opptatt jeg er.
Dessuten har jeg sikkert ikke evner
For slike store oppdrag som det er!
Du vet jo at jeg har min begrensning,
Du vet hvor lett det er å gi opp.
Dessuten tror jeg ikke at jeg passer –
Jeg har jo alltid vært en rotekopp.
Men om det nå var meg du mente, Herre,
Så ber jeg deg om mot til å si Ja!
Jeg vet at du vil gi meg det jeg trenger.
Hvis bare jeg tør gjøre som du sa.
Denne songen sier enkelt og greit mange av alle unnskyldningane me ofte kjem med overfor Gud. Den har mang ein gong kverna i hovudet mitt.
Men Gud meinte faktisk meg når han sa GÅ, Han meinte faktisk deg og. Spørsmålet er berre om du vil gå.

2 kommentarer:
wow! inspirerende og utfordrende å lesa bloggen din! du e flink å sette ord på ting. og takk for din ærlighet. hadde vert kjekt å hørra deg preka! du har mye bra å sei som eg tror hadde vert bra for mange å hørra. Gud har virkelig ein stor plan for livet ditt!:)
amen!så vanvittig bra vennen=)
stå på!=)Gud telle ikje alle gångene me feige ud,tru helle han tenke: bare 5gånge te johanne tørr ta udfordringen=)Han fryde seg øve deg! å husk, Herren he tanke te fred og ikje ulykke=)be blessed my friend!=)
Legg inn en kommentar