
Påska er forbi, kvardagen bankar nok ein gong på døra mi. Nokre av overskriftene i aviser og liknande har den siste veka handla om påskebodskapet. Eg har faktisk ikkje lest ein einaste av dei. Eg har faktisk ikkje ofra så mange tankar over kva påska eigentleg handlar om. Likevel, det er ingen unnskyldning for å ikkje repetera påskebodkapet. Det var jo då alt vart fullbragt.
Jesus satt på eit esel og dei gjekk inn til Jerusalem, der lufta var fullt av rop til hyllest. "hosianna".
Kongen var i Jerusalem!
Den eine dagen vart han hylla, den neste hadde alle vendt han ryggen. Jesus visste kva som skulle hende. Han visste at Judas forrådte han for 30 "usle sylvpengar". Han visste at han ville bli fanga då han var i Getsemane. Han visste at han ville bli pint, krossfesta. Han visste at han måtte døy. Han visste! likevel sa han at det er meg dykk leitar etter då vaktene kom å spurte etter han. Han sa det er meg, viss det er meg dykk vil ha så la dei andre få gå. Jesus lot seg fanga FRIVILLIG.
Han lot seg pina, krossfesta og døy FRIVILLIG,
for oss.Jesus visste om alt det som venta han, og gjekk fram og spurde dei: "Kvein leitar de etter?" "Jesus frå Nasaret," svara dei. "Det er eg," seier Jesus. Judas, svikaren, var saman med dei, han òg. då Jesus sa: "Det er eg", veik dei attende og fall til jorda. Atter spurde han: "Kven leitar de etter?" "Jesus frå Nasaret," svara dei. "Eg har sagt dykk at det er eg," sa Jesus. "Er det meg de leitar etter, så la desse gå!" Såleis skulle det oppfyllast, det ordet han hadde sagt: "Av dei du gav meg, har eg ikkje mist ein einaste."
(Johannes 18:4-9)
Men etter tre dagar stod Jesus opp igjen, og visste seg først for kvinner så for sine disipler. Han tala til dei. Det som eg tykkjer er litt snodig på sett og vis er at Thomas, ein av Jesus sine disiplar, ikkje trudde på han. Han trengte "bevis for at det verkeleg var Jesus som stod framfor han. Thomas, ein som kjende Jesus godt, som hadde sett han utallige gonger, som nå såg at det var same personen som var der, trengte eit større bevis! Han måtte sjå merkene itte naglene, han måtte sjå holet etter spydet i sida. Når Thomas sleit med å tru, kan ein skjøna at det kan vera særs vanskeleg å tru for menneske som aldri har sett Jesus.
Det var naudsynt at det vart gjort slik, profetane hade tala om det, slik skulle det vera. Han skulle betala all verdas synd. Han gjekk i døden for oss alle. Gjorde han det forgjeves?
Han elskar faktisk meg og deg så utruligt høgt at det er utanfor vår evne til å forstå. Gud gav det mest dyrebare han hadde, sin einaste, kjæraste son. FOR VÅRE SYNDER!
Det er stort! Det seier noko om vår verdi som menneske i Gud sine auge.
Blodet som rantsmertene som du bar
forlatt av menneskerforlatt av gud din far
du gav avkall på din trone
gudesønn med tornekronehele verdens skyld har du betaltGud din nåde er større enn ord kan si
Gud din nåde den viser meg min verdi
En ufattelig pris har jeg kostet degGud din nåde er liv for meg
Du ofret altfor å redde megdin store kjærlighet
den utholdt dødens veidu var villig til å sone
for vinne livets krone
nåden din er mer enn dyrebar.Men han vart såra or våre brot og sundbroten for våre synder. Straffa låg på han, så vi skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått lækjedom.
Jesaja 53:5