15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Far, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid: 17 Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born. Eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21 Den som har boda mine, og som held dei, den er det som elskar meg. Og den som elskar meg, skal Far min elska. Ja, den som elskar meg, skal eg òg elska og openberra meg for.
Joh 14,27–31
27 Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause! 28 De høyrde at eg sa: Eg går bort, og eg kjem til dykk att. Elska de meg, så gledde de dykk over at eg går til Far, for Far er større enn eg. 29 No har eg sagt dykk dette før det hender, så de skal tru når det hender.30 Heretter kjem eg ikkje til å tala mykje med dykk, for han som herskar over denne verda, kjem. Han har inga makt over meg. 31 Men for at verda skal skjøna at eg elskar Far, og fordi Far har bode meg det, gjer eg som Far seier. Reis dykk, lat oss gå herifrå!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar