Korleis er eigentleg mitt forhold til Gud? Sidan Gud elskar meg, må jo eg og elska han! Men gjer eg eigentleg det av heile mitt hjarta? Dersom folk spør meg om kristendom, kva svarar eg då?
Sjølv vil eg sei at eg nok kanskje ikkje har heile hjarta mitt med meg når eg seier at eg elskar Gud. Eg klarar ikkje å ha vissheta om at eg har funne frelsa, sjølv om eg håpar det. Eg manglar på mange måtar frelsesvissheta. Det er slitsomt å gruble på dette, eg trur allikevel det henger saman med at eg fortsatt drar på mange av mine gamle laster fra tida då eg ikkje var ein kristen. Eg veit at eg ikkje kan vera perfekt, det er umogleg. Det er derfor Gud gav oss nåden. Nåden er en utrulig gave! Nåden som er gitt meg gjennom Jesu død og oppstode, er det som reddar meg!
Eg hadde ei venninne. Ho levde for Gud. Gjennom alt ho gjorde var Gud ein viktig del. Han hadde fyste plassen i ho sitt liv. Ho gav folk rundt seg mykje glede. Ho hadde ein utrulig varme, en glød, et fantastisk smil. Ho hadde eit mål: fleire måtte få bli kjent med Jesus! Når ting blei vanskelege, når ting gjekk trådt, når alt virka uoverkommeleg, og alt du vil er å gje opp. Å gje opp, var aldri eit alternativ for henne. Overgivelse var ho sitt valg. Å legge alt det vanskelege, alt som gjekk galt, i Gud sine hender. La Han ha styringa, og lede henne på Han sine vegar.
På bloggen sin har hun skrevet dette:
"Men altså vi bekymrer oss. Vi bekymrer oss over penger, utseende, skole, jobb og tid. Det er vanskelig å rekke alt og alle. Men vi har en vei å gå på. Jesus er veien, sannheten og livet. Og Herren er vår hyrde, han leder oss på den rette veien. Vi kan bare legge alle våre problemer og bekymringer over i hans hender, å stole 100 prosent på han, og han vil lede oss. I hans hender, på hans vei, mangler vi faktisk ingenting. Tenk på det, vi mangler ingenting! For selv om hans vei kan være tung og vanskelig, selv om vi føler vi mangler både det ene og det andre, vet vi at Gud har en plan med alt, han har en mening med alt, selv det som virker mest meningsløst. Vi må bare stole på at han vet hva han gjør, fordi det er da ikke vi som er fullkomne, det er han. De materielle manglene vi mener vi har, har så lite i å si i den store helheten. Det som teller er hans kjærlighet, fred og nåde, og får vi av dette mangler vi ingenting. Herren er min hyrde, jeg mangler ingenting." (
C E.B.I)
5 Legg din veg i Herrens hand. Lit på han, så skal han gripa inn.
Eg har eit ønske om å leva for Gud med heila mitt hjarta. Stola fullt å heilt på Han. Gå på dei vegane som han på førehand har lagt klare for meg. Overgi meg til Han. La Gud få ha heile styringa i livet mitt. Eg vil gje Han min lovsong, min takk, mitt alt! For Gud elskar meg, då må eg og elska Han.
Eg har lyst til å kunne svara på om eg er kristen, med eit rungande ja, utan å vere redd for kva andre måtte meina. Kvifor skal eg vera redd? Gud er jo med. Eg har jo ingenting å tapa men alt å vinna. Likeveld kjenner eg at frykten ofte tek overhand. Eg ynskjer å leva mitt liv, slik at det gjenspeglar mi tru. At menneskje rundt meg kan se at eg er kristen, gjennom måten eg lever livet mitt på.
Eg ynskjer at mitt mål i livet og skal vere at fleire skal bli kjent med Jesus. Som kristen skal eg jo vere som ein menneskjefiskar (misjonsbefalinga). Eg tykkjer det er vanskeleg. Eg får det liksom aldri heilt til. Eg ber om at Gud må forma meg, og leda meg der Han veit at eg vil tjena saken hans best!
"Dann du meg, Herre, helt ved din Ånd, form meg som leret i mester-hånd. Ta meg og dann meg slik som du ser gagner min sjel og saken din mer".-Pollard-Eg trur det er viktig å bruka tid med Gud. Inkludera Han i kvardagen. Be, Lovsyng, Les i Bibelen, Lytt. Gud har større planar for oss enn det me kan skjøna. Akkurat som eit kjærleiksforhold fungerer og forholdet mellom menneskje og Gud best ved å ha en kontinuerleg dialog. Det kan fort gå i gal retning dersom forholdet er basert på ein monolog. Som eit tips til meg sjølv og andre: Snakk med Gud som om du snakka til kjærasten din. Fortell Han om dagen din, sei kva som plagar deg. Gleder som sorger. La Gud ha fyste plassen i livet ditt! Han vil føra deg der Han ser det gagner. Han vil vera ljoset på vegen. Han vil ein dag føra deg heilt heim!
11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.
12 Når de kallar på meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk.
13 Når det søkjer meg, skal de finna meg. Ja, søkjer de meg av eit heilt hjarta,
14 lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden dykkar og samla dykk frå alle dei folk og stader som eg har drive dykk bort til, lyder ordet frå Herren. Og eg vil la dykk koma heim att til den staden eg førte dykk bort ifrå.