Nokre gonger forstår eg ingen ting. Eg byrjar å tenkje på livet, på verda, på Gud, stort sett så tenkjer eg på alt mellom himmel og jord.
Eg vil i dag påstå at eg faktisk forstår dei som ikkje klarar å tru på Gud, samtidig som eg ikkje kan forstå korleis dei ikkje kan tru på Gud.
Når eg byrjar å tenkje på at eg lever på ei snurrande kule midt i verdsrommet, midt i det svarte intet. Jordkloda roterar rundt sin eigen akse og i tillegg går ho i bane rundt sola. Det er mange planetar ute i verdsrommet, men berre jorda som me lever på er i akkurat passe avstand frå sola. Det er ganske utruleg å tenkje på. Slike gonger blir eg full av undring.
Korleis er det mogleg?
Korleis har det seg eigentleg at eg lever på jorda, den einaste planeten blant alle dei andre som det er mogleg for menneske å bu på. Det er ganske fantastisk! I mine auge kan det ikkje vera noko anna svar enn at det er Gud som har skapt det heile. Eg klarar ikkje å tru at det heile skal vera skapt av et stort smell, ein eksplosjon. På same tida finn eg det vanskeleg å tru på Gud. Eg finn det vanskeleg å tru på noko (n) som eg ikkje kan sjå. Det er ein av grunnane til at tvilen dukkar opp i meg frå stund til stund.
Likevel veit eg at min gjenløyser lever! Sjølv om eg ikkje kan sjå Gud med mine auge, veit eg at han er her, med meg, ALLTID! Sjølv om eg ikkje ser Gud stå framfor meg som person, kan eg likevel sjå Gud (det høyrtes merkeleg ut) Eg vil påstå at eg ser Gud i naturen, berre tenk på dei mektige fjella, på dei nydelege hagane, tenk på kor perfekt alt er sett saman! Eg tykkjer det er heilt fantastisk.
Eg vil nemna ein stad til. Den staden eg finn Gud oftast er i augene til andre kristne. Det er ein glød som ein ikkje kan finna hjå nokon andre. Gløden i augo var noko av det første eg såg at eg sjølv ikkje hadde når eg ikkje var kristen. Eg klarte ikkje slutta å undra meg over kvar denne nydelege gløden kom i frå. Eg klarar ikkje heilt å forklara denne gløden, men i mine auge er dette eit av dei tydelegaste teikna eg finn på at Gud er Gud. Gud er den evige eg er! og tru meg det er stort!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar