7 Mine kjære, lat oss elska kvarandre,
for kjærleiken er frå Gud,
og kvar den som elskar, er fødd av Gud
og kjenner Gud.
8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud,
for Gud er kjærleik.
9 I dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss,
at han sende sin einborne Son til verda
så vi skulle ha liv ved han.
10 Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud,
men at han har elska oss
og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre.
11 Mine kjære, har Gud elska oss så, då skyldar òg vi å elska kvarandre.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar