Eg veit jo at det ikkje er slik at nå er tida ute for alle dei draumane eg hadde. Men 25-årsdagen min blir ein milepæl, for meg om ikkje anna.
Ein kan så klart og tenke tilbake og sjå at det er godt at ting blei slik som dei er og ikkje slik dei kunne blitt.
Men eg skulle så gjerne ha sett at nokon av draumane var blitt verkelege.
Eg kan laga eit nytt mål, at når eg er 30 så håpar eg at livet mitt skal vera slik og slik. Eg trur ikkje eg tørr, eg er redd for skuffelsen dersom det nok ein gong viser seg at draumane ikkje går i oppfyllelse.
Eg trur rett og slett at eg framover ska ta ein dag om gongen. I alle fall ikkje planlegge mange år fram i tid. Draumar kjem eg til å ha uansett. Eg veit kva eg ønsker meg i dette livet. Om det blir slik veit eg ingenting om. Eg kryssar fingrane.
Eg er snart 25. Ein kan få mange erfaringar på godt og vondt i løpet av 25 år, det er i alle fall sikkert!
Gratulera med dagen til meg (på mandag) :D

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar