lørdag 26. november 2011

"Krisebursdag"

Eg har snart bursdag, berre nokre dagar igjen. Eg blir litt eldre, eit kvart århundre. Det er ikkje det at eg føler meg så utruleg gammal, for det gjer eg ikkje. I mitt hovud er dette ein liten "krisebursdag" likevel. Eg har hatt så mange håp og draumar om kva livet mitt skulle ha blitt til innan eg kom til denne alderen. 25.

Eg veit jo at det ikkje er slik at nå er tida ute for alle dei draumane eg hadde. Men 25-årsdagen min blir ein milepæl, for meg om ikkje anna.

Ein kan så klart og tenke tilbake og sjå at det er godt at ting blei slik som dei er og ikkje slik dei kunne blitt.

Men eg skulle så gjerne ha sett at nokon av draumane var blitt verkelege.

Eg kan laga eit nytt mål, at når eg er 30 så håpar eg at livet mitt skal vera slik og slik. Eg trur ikkje eg tørr, eg er redd for skuffelsen dersom det nok ein gong viser seg at draumane ikkje går i oppfyllelse.

Eg trur rett og slett at eg framover ska ta ein dag om gongen. I alle fall ikkje planlegge mange år fram i tid. Draumar kjem eg til å ha uansett. Eg veit kva eg ønsker meg i dette livet. Om det blir slik veit eg ingenting om. Eg kryssar fingrane.

Eg er snart 25. Ein kan få mange erfaringar på godt og vondt i løpet av 25 år, det er i alle fall sikkert!

Gratulera med dagen til meg (på mandag) :D

lørdag 5. november 2011

Lik meg når jeg er teit

Lik meg når jeg er teit
ikke bare
når jeg åpner verandadøra
og viser deg bilder av meg sjæl
i heldige øyeblikk.

Lik meg når jeg er teit
så skal du få være med
opp på rommet, og så
skal vi bare sitte
å kjede oss.
Og hvis det kommer noen
og jeg tilfeldigvis
er litt johann
og kanskje bommer litt på humor'n
så skal du like meg for det!
Da skal jeg begynne å prate
om kjærlighet.
HENRIK MESTAD