Eg har blitt minna på kor stor Gud er
Det er så mykje eg ikkje forstår, klarer å forklare.
Ta for eksempel evolusjonen. Kan det verkeleg vera slik at verda, universet og alle ting vart til ved eit stort smell, ut av ingenting? Ingenting eksploderte!
samla støv seg over mange mange år, til ein klump som vi nå kallar jorda?
Stammar alt levande liv som vi ser i dag frå ein "primitiv" eincella organisme som kanskje levde i vatnet, men som på finurlig vis har utvikla seg frå det eine til det andre?
Har Gud skapt verda? på sju dagar? men det er jo heilt umogleg! eller? Frå ingenting eller frå Gud?
Gud skapte og sa at alt var godt? "big bang"-Ingenting eksploderte og då blei det sagt... vel ingenting?
Dersom alt kom ut frå ingenting, kan ein jo spørre seg sjølv om kva som er vitsen med det heile. Er livet verkeleg berre mellom vugge og grav? Mennesket i den forstand har jo ikkje nokon annan verdi enn å leva, dø, bli til jord ved hjelp av et fantastisk dyr av typen meitemark (med flere) og dermed bli en del av økosystemet. Når lyset blir slukka så er det slutt, finito, ingenting meir? frå ingenting er du kommet til ingenting skal du bli?
Dersom Gud skapte verda, er det ein vits med det heile. verda som vi kjenner henne er berre ein "venteplass" målet er himmelen den dagen vi døyr. Frelse, Evig Liv! vi blir ikkje berre til mold,det er noko meir.
Dersom Gud skapte verda, så har vi nokon vi må stå til rette for. Då er det kanskje ikkje heilt likegyldig korleis ein lever sitt liv. Gud bryr seg, vil oss kun det beste. Men vi må leva for han, hjarta vårt må tilhøyre han. Dette gjer jo livet litt spooky. Det innebærer jo at det fins ein himmel og eit helvete. Det fins ein gud det fins ein djevel. Livet er meir enn mellom vugge og grav?
Eg veit kva eg trur, eg veit kor eg står i dette spørsmålet. Men eg kan kje med handa på hjarta sei at eg har noko som helst bevis som eigentleg held mål. Eg kan ikkje garantera at det eine er meir rett enn det andre. Det heile er for ufattelig stort til at det er mogleg for eit enkelt menneske som meg sjølv til å forstå. Men trua mi kan ingen rokke ved, det er der eg står planta.
Eg stiller berre spørsmålet, evolusjon eller gud? evolusjonisme eller kreasjonisme?
Kva meining/betydning har våre liv?