Det er ein ting eg har tenkt ein litt på. Det er kor redd ein er for å ikkje passe inn, og på sett og vis motsatt - kor redd ein er for å ta med seg andre menneske inn i vennegjengen fordi den nye er litt ulik dei andre.
Ein inviterar nokon inn i fellesskapet med åpne armar, medan andre blir ståande på vent utanfor og aksepten let venta på seg.
Ein er redd for å ikkje verta likt. Det er jo heilt naturleg det. Men kvifor er det slik at mange av dei personane som me ynskjer å vera vennar med er dei som ein ser på som betre enn seg sjølv? Kvifor tillet ein seg sjølv å bli trykka ned, brukt og liknande, av folk som ein ser på som meir verdt enn den verdien ein sett på seg sjølv? Ein prøver så altfor ofte å bli akseptert inn i dei "finare" kretsane.
Eg kjenner at eg blir irritert over folk som ser ned på andre menneske, som seier til andre at dei ikkje er gode nok. Det vil og sei at eg og blir irritert på meg sjølv (eg er ikkje hakket betre)
Alle menneske har ein unik verdi. Kanskje dei har eit anna utsjåande, kanskje dei har ein "unormal" atferd, kanskje har dei ein eller annan utviklingshemning. Vil det seie at dei er av ein annan verdi enn oss såkalla "normale" for kva er eigentleg normalt?
Kvifor sit det menneske i denne verda utan ein einaste venn? utan eit nettverk? Kvifor er det ingen kontaktar i kontaktlista? nokre har valt det sjølv, men kva med dei andre? Kanskje det er påtide å lyfta augo og venda blikket mot våre medmenneske.
Kanskje det og kan vera ein ide å ta ein telefon til nokon av sine vennar og høyra korleis dei har det? Eg syns det er vanskeleg å ringa til folk eg ikkje har snakt med på lenge. Eg syns det er vanskeleg å invitera folk på besøk for eksempel. Redselen for at ingen vil komma tek til tider heilt overhand.
Nokon Afrikanarar eg traff på då eg var i Uganda, sa at dei kvite meinte at dei svarte var apekattar. Me som kvite var overlegne dei. Eg kjenner eg blir motlaus av slike utsegner, det er jo så fundamentalt galt å seie noko slikt! Alle menneske er i utgangspunktet av same verdi. Men nokre utnyttar sine posisjonar og får andre til å føla seg mindreverdige. På mange måtar gjer alle det enten dei vil eller ikkje. Det finnes ikkje noko slikt som eit perfekt menneske,(Det har kun vore eit perfekt menneske gjennom historia og det var Jesus). Så med å omfavne forskjellane, se forbi vår "stolthet", alle har noko å bidra med. Alt treng ikkje alltid vera perfekt, for kva er eigentleg perfekt?
Alle menneske er unike, alle menneske har sin sjarm, si utstråling, sin uforståelege verdi. Gud har skapt alle menneske i sitt bilde. Sin livspust har Han gitt menneska, me kan ikkje samanliknas med dyr og andre ting. Mennesket er ein unik skapning. Så mykje meir verdt enn ein nokon gong kan forstå. Ingen er meir verdt enn andre.
Alle treng me ein venn og to.
Alle treng me Gud, Jesus og Den Heilage Ande, den beste bestevennen ein kan ha.
Gud vil alltid vera der når ein treng han, men vil me alltid vera der når han treng oss?