mandag 30. november 2009

Fellesskap

Jeg ba om styrke for å kunne vinne,
jeg ble gjort svak, så jeg kunne lære lydighet.

Jeg ba om helse for å kunne gjøre store ting,
jeg fikk skrøpelighet, så jeg kunne gjøre gode ting.

Jeg ba om rikdom for å kunne bli lykkelig,
jeg fikk fattigdom, så jeg kunne bli vis.

Jeg ba om kraft for å kunne få ros av mennesker,
jeg fikk svakhet, så jeg kunne bli avhengig av Gud.

Jeg ba om alt for å kunne nyte livet,
jeg fikk livet, så jeg kunne nyta alt.

Jeg fikk ingenting av det jeg ba om.
men alt som jeg hadde håpet på.

Tross meg selv ble bønner jeg ikke bad besvart.
Ingen er blitt rikere velsignet enn meg.


Bøn er så utruleg. Eg blir heile tida overraska når eg ser meg sjølv tilbake, og ser det store som eit svar på bøn faktisk er. Eg ser at eg ikkje alltid får det svaret som eg bed om, men likevel er det eit svar. Gud veit nemleg betre enn eg kva som gagnar mitt liv. Eg seier ikkje at ein ikkje treng be for Gud veit best uansett. Eg meiner at me skal be, av heile vårt hjartas lyst. Gud har sagt at me skal be. Derfor ber eg.

Nokre gonger vel Gud å gi eit anna svar på bønene enn det eg hadde kanskje ønska og håpa på. Men i det lange løp ser eg likevel at det svaret eg fekk, faktisk var det perfekte svaret for meg.

Det er stor kraft i bøn. Eg trur bøn er med på å forandre. Dersom eg ber for ein annan person, så er eg med på å løfte denne personen fram for Gud. Eg trur då at Gud er den som har makt til å forandre livet til denne personen. Litt knotete sagt kanskje, men eg håpar de skjønar kva eg meiner.

I det siste har mine tanker streifa innom ordet "fellesskap" Ein snakkar ofte om kor viktig det er å ha fellesskap med menneska i menigheten, kor viktig det er å ta vare på det kristne fellesskapet. Det er likevel ikkje fullt så ofte ein høyrer om fellesskapet med Gud. Fellesskapet med Gud er noko som eg finn utruleg viktig. Har eg ikkje det fellesskapet så veit eg ikkje heilt kvar eg er. Det er liten vits tykkjer eg å gå i ein menighet kun for å ha fellesskap med folka som er der. Eg meiner at ein først og fremst må ha fellesskapet med Gud, så kan ein ha fellesskapet med menneske rundt deg. Utan Gud er me ingenting.

Eg trur at Gud ønsker at me skal ha eit levande fellesskap med han. At me skal kunna sei til Gud alt som me har på hjarta, alt som sviv rundt i hovudet vårt. Eg meiner at me må halda Gud nærare enn ein held sin bror. Det står og i bibelen at Gud skal vera førsteprioritet. Du skal elska Han høgare enn din mor og far, søsken og venner.

Eg ser sjølv at fokuset eg har hatt i det siste kanskje har vore litt vekk frå akkurat dette. Eg har tenkt meir på mine vennar enn eg har tenkt på Gud. Eg har blitt med på kristne samlingar for å ha fellesskap med mine vennar, ikkje nødvendigvis for å ha fellesskap med Gud. I mine auge ser eg at dette har blitt feil. Etter å ha gått nokre rundar med meg sjølv og funne ut kvar det er eg vil vera, har eg funne tilbake til det som eg meiner er det rette fokuset.

Eg må seie eg ser ei endring hjå meg sjølv. Eg er på veg til å verta den personen som eg innerst inne er. Eg er ikkje lenger like redd. Redd for kva folk rundt meg må meine om meg, kva dei må tru å tenkja om det eg gjer, det eg seier og korleis eg ser ut, korleis eg kler meg. Eg er den eg er akkurat slik som Gud har skapt meg til å vera. Og det er akkurat den personen eg er meint til å vera. Så kvifor vera redd?

President Roosevelt sa ein gong at det einaste ein kan frykta er frykten sjølv.

Eg prøver kvar einaste dag å legga vekk mitt eige og følga Jesus. Han er vegen sanninga og livet. Ingen kjem til faderen utan ved han.

Eg kjenner at Gud jobbar med meg for tia. Han har ein plan for mitt liv. Han svarar på mine bøner. Han er med meg dag og natt. Det er utruleg godt å veta.

Når eg oppdaga at eg var på veg inn i feil spor. På veg bort frå Gud. Når eg så prøvde å kjempa min veg attende, opplevde eg ein form for åndskamp i mitt indre. Det var ei heilt utruleg merkeleg kjensle. Det var som om nokon ikkje ville at eg skulle ta dei stega som skulle til for at eg skulle vera tilbake på Gud sin veg. Eg låg i senga mi og bad til Gud, og medan eg bad kjente eg denne krafta som prøvde å hindra meg. Som sendte uvenlege tanker inn i hovudet mitt. Eg gret mine modige tårer for eg viste ikkje heilt kvar eg skulle gjer meg av. Samtidig så bad eg Gud om hjelp og styrke til å velga hans veg. Evighetens veg. Når då det byrja å roa seg var det nett som om nokon haldt meg fast, som berre sa "kom til meg, eg skal føra deg til ro. Du er mitt barn, eg er din Far. Eg skal vera med deg alle dagar" Når dette hendte var det akkurat som om alt det onde slapp taket. Kjensla var overveldane, og kan ikkje beskrivast med ord.

Eg veit at Gud er her. Eg veit at Gud er med meg. Eg veit at han vil føra meg der han vil ha meg. Men det er likevel opp til meg å gå vegen, han vil gå med meg. Eg kjem til å trakka feil. Når eg gjer feil er Han der for å hjelpa meg tilbake. Gud er min Far. Gud er min Bestevenn. Gud er det kjæraste eg har.


torsdag 26. november 2009

Forunderleg stort!


Nokre gonger forstår eg ingen ting. Eg byrjar å tenkje på livet, på verda, på Gud, stort sett så tenkjer eg på alt mellom himmel og jord.

Eg vil i dag påstå at eg faktisk forstår dei som ikkje klarar å tru på Gud, samtidig som eg ikkje kan forstå korleis dei ikkje kan tru på Gud.

Når eg byrjar å tenkje på at eg lever på ei snurrande kule midt i verdsrommet, midt i det svarte intet. Jordkloda roterar rundt sin eigen akse og i tillegg går ho i bane rundt sola. Det er mange planetar ute i verdsrommet, men berre jorda som me lever på er i akkurat passe avstand frå sola. Det er ganske utruleg å tenkje på. Slike gonger blir eg full av undring.

Korleis er det mogleg?

Korleis har det seg eigentleg at eg lever på jorda, den einaste planeten blant alle dei andre som det er mogleg for menneske å bu på. Det er ganske fantastisk! I mine auge kan det ikkje vera noko anna svar enn at det er Gud som har skapt det heile. Eg klarar ikkje å tru at det heile skal vera skapt av et stort smell, ein eksplosjon. På same tida finn eg det vanskeleg å tru på Gud. Eg finn det vanskeleg å tru på noko (n) som eg ikkje kan sjå. Det er ein av grunnane til at tvilen dukkar opp i meg frå stund til stund.

Likevel veit eg at min gjenløyser lever! Sjølv om eg ikkje kan sjå Gud med mine auge, veit eg at han er her, med meg, ALLTID! Sjølv om eg ikkje ser Gud stå framfor meg som person, kan eg likevel sjå Gud (det høyrtes merkeleg ut) Eg vil påstå at eg ser Gud i naturen, berre tenk på dei mektige fjella, på dei nydelege hagane, tenk på kor perfekt alt er sett saman! Eg tykkjer det er heilt fantastisk.

Eg vil nemna ein stad til. Den staden eg finn Gud oftast er i augene til andre kristne. Det er ein glød som ein ikkje kan finna hjå nokon andre. Gløden i augo var noko av det første eg såg at eg sjølv ikkje hadde når eg ikkje var kristen. Eg klarte ikkje slutta å undra meg over kvar denne nydelege gløden kom i frå. Eg klarar ikkje heilt å forklara denne gløden, men i mine auge er dette eit av dei tydelegaste teikna eg finn på at Gud er Gud. Gud er den evige eg er! og tru meg det er stort!

tirsdag 17. november 2009

"I skjæringsfeltet mellom utrustning og utfordring er vekstfeltet, der vi kan bli hva vi er skapt til å være og la Gud skrive sin historie med våre liv - der kan vi leve, ikke bare overleve til vi dør"
(sitat frå facebook R.K.)