fredag 31. juli 2009

I det siste har eg tenkt på at eg er elska av Gud. Trass alle mine feil, mangler, all mi synd, er eg elska av Gud. Eg har eigentleg aldri tenkt noko særleg over dette tidligare. Kor stort det er! Kor mykje som har blitt ofra for at eg (og andre med) kan ta imot nåden, frelsa og evig liv!

At Gud ofra sin eigen son for våre synder, for våre misgjerninger. På korset blei all vår synd viska ut, Jesus tok synda på seg, for at eg og alle kristne skal få moglegheita til å koma til himmelen. Der skal me leva eit liv i herlegdom, i evig glede, ja, i evighet! Eg tenker på kor bra det kan verta når eg ein gong kjem heilt heim, eg tenker og på det utruligt store offeret som ligg bak denne moglegheita.

Tenk deg om det var du som hadde valget: la barnet ditt døy slik at mennesker du eigentleg ikkje kjenner skal få leva, eller redda barnet ditt og la menneska døy. Det er på mange måtar ein uverkeleg tanke. Korleis skal ein kunne ofra barnet, som ein elskar, som er det kjæraste du eig for at andre skal leva? Det er akkurat det Gud gjorde då Jesus døydde på korset. Han ofra det kjæraste han hadde, sin einaste son, for at me menneske skulle ha liv. Det er stort! Så høgt elskar Gud verda, så høgt elskar han meg og deg!
  • Romarane 5:8
8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di
Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar

tirsdag 28. juli 2009

1 Joh 4:7-11

7 Mine kjære, lat oss elska kvarandre,
for kjærleiken er frå Gud,
og kvar den som elskar, er fødd av Gud
og kjenner Gud.

8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud,
for Gud er kjærleik.

9 I dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss,
at han sende sin einborne Son til verda
så vi skulle ha liv ved han.

10 Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud,
men at han har elska oss
og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre.

11 Mine kjære, har Gud elska oss så, då skyldar òg vi å elska kvarandre.