Til sjuande og sist har me berre eit håp, me må stå saman og sette vår lit til Gud.
Teikna på at enden rykkar nærare blir tydelegare og tydelegare. Teikna har vore i denne verda lenge. Tanken på at me lever i endetida, er ein skremande tanke. Slik eg ser det så byrjar tida å verta knapp. Me har ikkje tid til å vera tause. Kvifor skal me vera tause, når det me har å fortella gjeld liv eller død? Min største frykt er at mine kjære, min familie, mine venner, alle! ikkje blir med til Himmelen. Det gjer meg uendeleg redd...
Tenk når me alle står framfor Gud på dommens dag, og me blir dømte. Nokon til evig liv andre til fortaping. Nokon får leva eit liv i glede, gå på vegar av gull. Dei andre får eit evig liv i det verst tenkelege.
Me er alle unike blomar i Guds hage. Han har inderleg kjærleik og omsorg for kvar enkelt av oss. Like lite som nokon av oss har råd til å miste nokon av våre barn, vil han miste ein einaste av oss.
Mange har spurt meg korleis eg kan tru, det var ikkje noko dei hadde venta av meg. Dessutan er det jo så mange religionar, korleis veit eg at kristendommen er den rette? Eg veit eg har valt rett! Eg kjem aldri til å angre. Eg veit at Gud er min Far, eg veit at Jesus er hans son som døydde i vårt sted, for våre synder. Eg har kjent Guds kjærleik på kropp og sjel. Eg er ikkje i tvil! Det vil ikkje seie at eg ikkje tvilar for det gjer eg stadig. Ei eg kjenner sa ein gong at uten tvil så finnes det ikkje tru. Eg fornektar og gjer galne ting. Gud er likevel min Far, eit stødig fjell der eg får koma akkurat som eg er.
Det handlar ikkje nødvendigvis om kva me må, kva me bør, kva me skal gjere osb. Det handlar meir om å ta imot. La Gud fornye legem og sjel. Han vil ta seg av oppussinga. Ved tru kjem også gjerningar. Tru utan gjerningar er død tru. Men me Gud i livet så klarar ein ikkje motstå gjerninga som kjem i kjølvatnet av det valet ein har teke. Ein må berre tørre å sleppe taket, og stole fullt og heilt på Gud og la han ha styringa. Me må kunne gå i tru. Det er ikkje lett tykkjer eg. Eg har ikkje lyst å mista kontrollen over mitt liv, samstundes som eg veit at store ting vil hende når Gud får ta styringa og vera nr 1.
Eg forstår faktisk Gud som lot sin einaste son gå i døden for oss. Jesus vart ofra for våre synder slik at me skulle bli reine. Gud godkjente offeret som var blitt slakta, det var godt, og Jesus stod opp igjen frå dei døde. Me er skyldfrie og kan ta del i himmelens herlegdom. Det var betre at ein måtte dø for alle oss, enn at alle måtte dø. Når eg skriv at eg forstår det, så meiner eg at eg tenker at eg ville valt døden , viss det kunne redda nokon andre. Dersom ein av mine næraste/sysken eller liknande skulle dø og eg fekk valet om å ta deira plass, eg som kristen og dei ikkjekristne. Eg trur kje eg hadde vore i tvil. Men ingen av oss kjenner timen. Det er ikkje opp til oss, og godt er det. Men det er vår oppgåve å dele Ordet slik at me alle kan leve i jubel i Himmelen og synge saman med englekoret!
Den største bremsa eg har for å dele ordet om Gud og fortelle om mi tru er meg sjølv og den menneskefrykta som eg har. Nokre gonger er alt slik eit ork. Gud har likevel lova å vera trufast. Og han vil gjera under for den som er trufast mot han! Tenk for ein Gud me har. Ein fantastisk far!
Med evig kjærleik har Han elska oss!
