For ei tid tilbake så gjorde eg noko dumt, veldig dumt. Det gjekk ut over nokon som så absolutt ikkje hadde fortent det. Det reiv hjarta mitt i to, sjølv om det var eg som var grunnen til alt det dumme. Eg mista min beste venn på grunn av min dumskap...
Løgn og fanteri fører aldri noko godt med seg.
Eg har alltid sagt at eg er "dønn ærlig", vel eg var det ein gong.
Løgn tærer en opp.
Løgn er for dei smålege.
No er eg ein av dei.
Kvifor eg gjorde som eg gjorde kan ikkje forklaras, eg veit det ikkje sjølv ein gong. Eg vikla meg inn i noko som det vart verre og verre å kome utav for kvar dag.
Det som var rart i det heile var at følte meg dratt mellom to poster. Ein som sa at det du gjer nå, det skulle du aldri gjort. Eg visste det var galt, eg kjende at det gjorde vondt i sjela kvar gong ein ny melding blei sendt. Samstundes var det ein annan stemme som sa: drit i, det gjer ingen ting. Ser du ikkje at alt er øydelagt fra før? ser du ikkje at du aldri kan bli god nok?, du er ein bare, innsjå det med ein gong. Det betyr ikkje noko frå eller til om du gjer dette, du betyr ingenting likevel. Trur du verkeleg at h*n er din beste venn? pfft det er berre tull.
Eg falt for freistinga.
Eg falt for det som ikkje var av det gode.
Eg høyrde på feil stemme.
Samstundes tok eg meg sjølv i å be, kvar gong eg åpna profilen på facebook med eit anna navn enn mitt, så ba eg min Herre om hjelp til å avslutta dette på ein god måte. Jo før jo heller. Eg visste jo kva vei det bar.
Eg er ingen god løgner, eg visste eg ville bli avslørt.
Men når sanningas time kom, fekk eg panikk. panikk med stor P. Nett som om eit slør åpna seg framfor augene mine og eg såg kva eg faktisk hadde gjort.
Eg laug igjen...
og igjen...
igjen...
Eg ville ikkje at det skulle vera meg som hadde gjort alt dette, eg ville ikkje. Men det var jo meg.
Mi skuld og bare mi. Ingen andre kunne klandras for det eg hadde gjort.
Sanninga kom fram til slutt.
Den var nødt til det.
Sanninga knuste meg, då kan eg berre tenke meg kva sanninga gjorde mot den eg gjorde det dumme mot.
Å vakna dagen etter, og sjå at den eg såg på som min bestevenn ikkje lenger var venn med meg på facebook, ikkje ville ha noko med meg å gjer, gjorde ubegripelig vondt. Eg forstår det, sjølvsagt. Eg hadde jo ikkje vore ein venn sidan eg gjorde det eg gjorde.
Det var ein fredag, den vonde dumme fredagen. Ein fredag som var blitt dum på grunn av meg.
Eg skulle vera med far for å gjera ferdig siste rest av dei nye beda eg hadde begynt på i hagen til mormor. Det enda med at far gjorde ferdig bedet, mens eg satt midt i det og tuta. Klarte ikkje slutta. Tårene berre trilta, det einaste eg fekk fram når far ville veta kva som var så galt, var at det var min feil. Eg har øydelagt alt. rubbel og bit. Kan ikkje fiksast.
Eg har aldri følt meg som ein så stor tosk som då, eg har aldri før vore så nære å gjera det eg alltid har sett på som feigt.
Eg måtte reisa vekk, og blei vekke lenge. Einvegsbillett. Klepp var ein stad eg ikkje kunne vera lenger.
Det gjer uendeleg vondt å mista sin beste venn, sjølv om det var min eigen feil.
Unnskyld var aldri godt nok, og kjem aldri til å vera godt nok for å gjera opp for min dumskap.
Ingenting eg kan gjer, kan nokon gong gjera opp igjen det vonde.
Eg innser at eg har prøvd for hardt på å fiksa det heile. Eg har vore ein masekopp. Eg likar ikkje å vere det. Alt eg ville var å fiksa det. Alt eg ville var å få orden på det heile igjen. Alt eg ville var å visa at det eg gjorde ikkje representerer den eg er. Sidan eg var den som øydela, så måtte eg jo fiksa det igjen eller?
Eg gjorde berre vondt verre.
Eg fortsett å gjera vondt verre.
Ein kamp for å fiksa noko eg ikkje får lov til å fiksa.
Ein kamp for å fiksa noko eg ikkje kan fiksa.
Eg har aldri følt meg så einsam som etter den fæle fredagen.
Alt falt i grus.
Bråstopp.
Eg tar meg sjølv i å tenke på kor Gud var oppi alt dette. Kva er meininga? det blir jo alltid sagt at alt har ei meining. Det er mykje eg ikkje ser meininga med...
Kvifor eg skreiv alt dette?
Eg måtte få det ut av systemet.
Lufteventil.
Ut må det, viss ikkje kjem eg meg aldri vidare.
