Eg trur eg vil trekke liner frå dette til mitt kristenliv. Kristent sett har eg våre inne i ein periode som kan minna om hausten. Trua mi har vore der men gjerningane var ikkje der. Og tru utan gjerningar er død tru. Eg som kristen har på så mange måtar vore ikkje-eksisterande. Lina som hald meg til Gud har vore så tynn, så skjør.
Det har vore noko som gjennom heile sommaren har sagt at eg skal gje opp. Det er ikkje lenger nokon vits. Det er ingen Gud. Det heile er meiningslaust. Det verste er nesten at desse tankane fekk festa seg og formeira seg. Ting har ikkje vore bra. Det kan eg seie med handa på hjartet.
Eg er likevel fortsatt kristen. Eg trur fortsatt på Gud, og eg prøver på ny. Eg er ikkje perfekt og kjem aldri til å bli perfekt. Men Gud er glad i meg uansett. Elskar meg akkurat som eg er skapt perfekt i hans bilde.
Eg er glad for at eg har hatt kristne venner som har vore der med meg. Som har sendt bøner opp til den allmektige Herren. Dei har høyrt på meg og sytet mitt. Dei har rett og slett våre venner.
Eg ser nå kor uendeleg viktig det er med ein supporter gjeng. Nokon som drar deg med på ting som er der når du treng dei som mest.
Eg kan ikkje gje opp. Eg kan ikkje forlate trua mi uansett kvasom skjer. Gud er større enn alt. Og ingenting er verdt å gje opp eit liv i evigheita saman med han.
Ingen synd er for stor for Gud. Eg må sei at eg håpar med heile mitt hjarte at Han som er over alt og alle ikkje husker på mine synder.
Gud er god, og han gir oss aldri opp. Kvifor skal eg då gi opp han?
