Rom 14,10–18
10 Men du, kvifor dømmer du bror din, eller kvifor ser du ned på bror din? Vi skal alle fram for Guds domstol, 11 for det står skrive:
Så visst som eg lever, seier Herren,
for meg skal kvart kne bøya seg,
og kvar tunge skal prisa Gud.
12 Så skal då kvar og ein av oss leggja fram sin eigen rekneskap ¤for Gud†.
13 Lat oss ikkje lenger dømma kvarandre! Døm heller slik: Ingen må få bror sin til å snubla og falla. 14 I Herren Jesus veit eg sikkert og visst at ingenting er ureint i seg sjølv. Men for den som held noko for ureint, er det ureint. 15 Gjer du bror din sorg med maten du et, då går du ikkje fram med kjærleik. Den som Kristus døydde for, må ikkje du føra i fortaping med maten din. 16 Lat ikkje det gode de eig, bli til spott. 17 For Guds rike er ikkje mat og drikke, men rettferd, fred og glede i Den heilage ande. 18 Den som tener Kristus på denne måten, han er til glede for Gud og får respekt mellom menneske.
tirsdag 22. juni 2010
Abonner på:
Kommentarer (Atom)
