søndag 25. oktober 2009

Heaven Song

I will walk on streets of gold
I will run through gates of pearls
The story of heaven
Is the greatest ever heard

One day I will be there
I hope it will be together with you
I'm not afraid of dying
Cause then I will be, with
Jesus, my Lord

There will be no pain, nor sorrow
And no sickness or disease
Heaven is a real place
So won't you listen to me, please

In heaven, there's no evil
No envy is there
And God himself will wipe
Away every tear

A life of peace and joy
Through all eternity
Together with God, the Father
That's my destiny

torsdag 8. oktober 2009

"Jeg har bråvåknet fra en vakker drøm, og det gjør vondt. Jeg har oppdaget verden. En verden jeg ikke liker."

Eg tenker så altfor ofte kun på meg sjølv. Eg lukkar så altfor ofte augo for dei som har det vondt. Eg tenkjer oftare og oftare negative tankar om folk som er av ein annan etnisk opprinnelse enn meg. Eg tenkjer på at dei kjem sikkert til å¨stela, å gjer eit eller anna som strider mot lova. Verda har på mange måtar blitt sånn at en beskytter seg sjølv med å vera skeptisk mot alle ein ikkje kjenner. Ein av grunnane til dette kan vera all kriminaliteten som florerer rundt om (nå er jo Noreg verst på den fronten heller, men sett under eitt tenkjer eg). Ein dømmer folk, folk ein ikkje nødvendigvis kjenner, folk ein aldri har møtt, aldri har hatt ein samtale med. Me gjer oss opp tankar om alle folk me ser. Me ser på utsjånad klesstil, hårfrisyre, hudfarge. Men det er jo ikkje opp til oss å dømma. Så kvifor gjer me det då? Då bryt jo me og lova, den lova som Gud har gitt oss...

Eg liker ikkje heilt denne verda som eg lev i. Det er vanskelig å tru at Gud er god når det er så mange menneskje rundt deg som har det vondt. Når ein tenkjer på alle dei fattige i verda. Når ein ser alle dei foreldrelause borna. Når ein ser alle dei som er einsame. Kva med alle dei som svelt?

Nokre gonger plar eg å tenkja som følgjer:
  • Kva viss haikeren som går langs vegkanten var Jesus? ville eg tatt han med, kanskje eg rett og slett ville gitt han nøklane til bilen min og sagt du trenger den tydeligvis meir enn meg?
  • Kva viss den heimlause som sat med tiggerkoppen var jesus? ville eg ikkje då ha tømt pengetaska og omtrent gitt han bankkortet mitt i tillegg?
Eg trur ikkje ein skal vera dumsnill. Eg trur ikkje at ein kan stola blindt på folk, i dagens samfunn trur eg ikkje det vil fungere. Eg har lett for å tenkje tanken "tenk viss det var Jesus" men alikevel har eg fortsatt aldri plukka opp ein haiker. Eg tørr faktisk ikkje. Men Gud har jo sagt at det ein gjer mot ein av hans minste, gjer ein og mot han...

Ein føler seg ofte dum når ein går forbi ein uteliggjar med holete klede og ei spritflaske, og sjølv har ein hendene fulle av handleposer. Kanskje ein av og til kan prioritere litt annleis. Kanskje gi litt meir penger til eit godt føremål.

Eg trur at Gud veit best uansett. Eg trur at Gud kan gjera ein forskjell sjølv om mange i verda ikkje har det like godt som meg. Eg trur at Gud virkar like mykje og kanskje meir hhå dei som er vanskelegare stillt enn meg. Nokre gonger skulle eg nesten ønskja at eg hadde ingenting, for då hadde eg sett Guds hjelpande kraft så mykje betre. Eg trur rett og slett eg har det for godt. Det er så mykje eg tar for gitt. Nå har eg det så godt at eg nesten føler at eg ikkje treng Gud. Hadde eg mista alt eg hadde, ville eg trengt Gud på ein heilt annan måte. Det er eigentleg ein skremande tanke at eg faktisk har det for godt... Eg trur det er mykje av grunnen til det bedre stilte har ein tendens til å la Gud i stikken. Dei ser ikkje at han trengs. Ein klarar ikkje å åpna augo å sjå at Gud kan gjera ein vesentleg forskjell. Korleis kan Gud gjera livet mitt betre når ein allereie har det så godt?

Eg veit at sjølv om eg har det godt i den rike delen av verda som eg lever i , så treng eg likevel Gud. Gud gir livet mitt ein verdi. Gud gir meg ein glede som ingen annan kan skape. Gud har gitt meg nåden gjennom Jesus. Gud har gitt meg evig liv når mi tid i denne verda er forbi. Utan Gud hadde ikkje livet mitt hatt noko meining, sjølv hadde eg vore verdilaus. Eg er glad eg kjenner Gud og at Han kjenner meg. No er mi oppgåve å spre det glade budskap, slik at fleire får sjå hans herlegdom!


Gud har hele universet mellom pekefingeren og tommelen.